Fleire dagsbesøk på krisesenteret

Norske aviser

15. januar 2009. Stadig fleire unge søker til krisesenteret, og senteret har nær tredobling i talet på konsultasjonar på dagtid. Dagleg leiar Ingrid Horsgård ved Krisesenteret i Molde konstaterer fleire nye trendar når ho oppsummerer 2008: (1) Senteret er langt meir brukt på dagtid og som støttespelar i komplekse saker (2) Fleire unge oppsøker senteret (3) Færre overnattingsdøgn. Det var nær ei tredobling i talet på brukarar som kom til samtalar og rådgiving på senteret i fjor. Dette skriver Anita Vingen i Romsdals Budstikke.

Talet på overnattingar ved senteret gikk noko ned frå 2007 til 2008, frå 1811 overnattingsdøgn til 1543 overnattingsdøgn. I fjor var det 27 kvinner og 14 barn som brukte senteret, året før 30 kvinner og 26 barn. – Fjoråret var litt rolegare med tanke på overnattingsdøgn. Tala varierer vel litt år om anna, men vi ser dette også i samanheng med auken i dagsbesøk, seier Horsgård.

– Kor omfattande bør problemet vere for å oppsøke krisesenteret? – Når ein opplever fysisk eller psykisk vald i familien, uavhengig av omfang. "Kvardagsvald" med til dømes truslar, sjukleg kontroll- behov, eller at familien går på tå hev for at ikkje den vaksne skal "eksplodere". Om ein ser at barna vert stressa av høgt konfliktnivå heime, er det viktig å søke hjelp. Eller når ting utviklar seg over tid, og ein innser at dette vil ein eigentleg ikkje godta. Vi hjelper folk vidare til andre instansar ved behov, seier Horsgård.

  • Publisert: 15. januar 2009 - 21:22
  • Oppdatert: 24. mai 2009 - 22:11

fra 15. mai 2007