- Statsmaktene
- Lovgivende myndighet
- Utøvende myndighet
- Kongen i statsråd
- Riksadvokaten
- Regjeringen/dep.
- Statsforvaltningen
- Statlige ombud
- Fylkesmannen
- Fylkeskommuner
- Lokalforvaltningen
- Nettsteder
- Klageinstanser
- Dømmende myndighet
- Presse og media
- "Fagekspertene"
- Det sivile samfunn
Pressemelding fra BLD - statsbudsjettet
7. oktober 2008. Pressemelding fra barne- og likestillingsdepartementet (nr. 8117).
Ti vekers fedrekvote. Meir til familievernet, einslege, mindreårige asylsøkjarar, ungdomstiltak og auka innsats mot diskriminering.
Regjeringa vil utvide fedrekvoten frå seks til ti veker for å styrkje omsorgsrolla til far. Budsjettet for einslege, mindreårige asylsøkjarar får også ei auke. I tillegg foreslår regjeringa ti millionar kroner meir til familievernkontora, og innsatsen mot diskriminering og for auka tilgjenge blir styrka.
-Vi aukar fedrekvoten til ti veker, og fedrekvoten er med dette dobla i denne regjeringsperioden. Fedrar ønskjer å tilbringe meir tid saman med barna det første året og ta større omsorgsansvar. Dette legg regjeringa no til rette for, seier statsråd Huitfeldt.
Regjeringa foreslår at auken i fedrekvoten med fire veker vil gjelde frå 1. juli 2009. To nye veker vil bli lagt til som ei forlenging av den samla stønadsperioden. To veker blir teke frå stønadsperioden som i dag kan delast fritt mellom foreldra.
-Lengre permisjonsuttak blant fedrar vil medverke til meir likestilte foreldreskap. Mor og fars deling av foreldrepermisjonen legg eit viktig grunnlag for deling av omsorgsoppgåvene også etter at permisjonen er over, seier barne- og likestillingsminister Huitfeldt.
Styrka tilbod til fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år
- Publisert: 10. juli 2008 - 7:00
- Oppdatert: 20. mars 2009 - 21:31
- Posted by: Familieredaksjonen
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
- Skriv ut
- Sendt siden


